Nasjonalt ansvar for studentane sitt læringsmiljø

Studentparlamentet ved UiO vedtok 5. februar 2015 ei fråsegn om NSOs ansvar for arbeidet med studentane sitt læringsmiljø.

Studentane sitt læringsmiljø er avgjerande for læringsprosessen og mestring av studiane. Eit godt læringsmiljø er viktig for å skape eit godt studiemiljø og kan bidra til å få ned fråfallet i høgare utdanning. Det er viktig å påpeika at det gjennom Læringsmiljøutvala (LMU) lokalt vert gjort eit solid arbeid for å betra studentane sitt læringsmiljø.

Likevel vil ein gjennom å ha eit større nasjonalt fokus på dette kunne arbeide meir systematisk for å få på plass ny forskrift for studentane sitt læringsmiljø og sikra eit nasjonalt trykk for studentane sine rettar. Dette vil vera eit svært nyttig supplement til det gode arbeidet lokalt og ein slik nasjonal ressurs vil også kunne ha ei koordinerande rolle for arbeidet som vert gjort lokalt. Studentparlamentet ved UiO ynskjer difor at Norsk Studentorganisasjon (NSO) tek eit større nasjonalt ansvar for læringsmiljøet og i større grad set dette på dagsorden.

Studentparlamentet ved UiO ber NSO om følgjande:

  • Utreda om NSO kan ta ei koordinerande rolle i arbeidet med studentane sitt læringsmiljø.
  • Utreda om det er behov for eigen læringsmiljøansvarleg i NSO.
  • Utreda om det er andre måtar ein kan sikre dette arbeidet på.
Publisert 13. feb. 2015 11:01 - Sist endret 13. feb. 2015 11:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere