Innspel til alternative ordningar for evaluering av vurdering

Studentparlamentet takkar for høvet til å gi innspel til alternative ordningar for evaluering av vurdering. I vårt høyringssvar om forslag til revidert kvalitetssystem gjekk vi imot nedlegging av tilsynssensorordninga all den tid forslaget ikkje inneheldt eit godt nok alternativ. Difor er vi glade for at det blir tatt ein ekstra runde om dette spørsmålet. Vi vil her utdjupe korleis vi meiner vurderingar bør bli kvalitetssikra, utan å ta stilling til korleis kvalitetssikringa bør organiserast meir konkret.

I brevet til einingane er det lagt vekt på at kvalitetssystemet ved UiO må tilfredsstille kravet i UH-lova om «ekstern evaluering av vurderingene eller vurderingsformene». Vi vil understreke at det avgjerande må vere korleis kvalitetssystemet kan bidra til høgast mogleg studiekvalitet, og at UiO, som har ein ambisjon om å tilby forskingsbasert utdanning på linje med dei fremste institusjonane internasjonalt (Strategi 2020), naturleg bør sikte høgare enn minimumskravet som er sett i lova.

Kvalitetssystemet bør etter vårt syn legge opp til at alle utdanningar får eit jamleg eksternt blikk både på vurderingsordningar (om eksamensform og arbeidskrav bidrar til at studentane lærer det dei skal) og vurderingspraksis (om oppgåvene som er gitt, kriteria svara er vurdert etter og sjølve karaktersettingane er rimelege). Dette er nødvendig for å skape tillit til at studentane på UiO blir vurdert på ein rimeleg og objektiv måte, og at vi utdannar kandidatar som held eit høgt nivå ut frå ein felles fagleg standard.

Slik ekstern evaluering er særleg viktig på emne der det ikkje blir brukt ekstern sensor. Auka bruk av ekstern sensor, også på lågare nivå, kan lette behovet for tilsyn med dei enkelte vurderingane.

For det meste vil det vere tilstrekkeleg at evaluering av vurdering blir gjort på program- eller emnegruppenivå, så lenge det også blir gjort stikkprøvar i vurderingar på enkeltemne. Emne som går på tvers av studieprogram eller ikkje inngår i studieprogram bør likevel ha eige tilsyn.

Det er ikkje tilstrekkeleg at ekstern evaluering av vurderinga blir gjort i samband med periodisk programevaluering kvart sjette år. Då vil fagmiljøet kunne ha utdanna to heile kull med bachelorkandidatar i tida frå ei evaluering til neste. Absolutt minimum burde etter vår meining vere ekstern evaluering kvart tredje år på bachelornivå og annakvart år på masternivå. Samstundes vil vi peike på at jo lenger det går mellom kvar evaluering, di grundigare og meir omfattande må evalueringa vere.

Publisert 2. mars 2015 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere