Innspel om spesielle opptakskrav

Studentparlamentet er glade for at Kunnskapsdepartementet vil prøve ein meir liberal praksis for å fastsette spesielle opptakskrav når ein utdanningsinstitusjon ønskjer dette av faglege grunnar, og vi er positive til at UiO gjer forsøk med spesielle opptakskrav på fleire studium. Studentparlamentet meiner at innføring av spesielle opptakskrav skal bli bestemt av kvart enkelt fakultet.

Under vil vi gjere greie for kvifor vi er positive til slike forsøk, kva for slags forsøk vi ser føre oss, og kva føresetnader vi meiner må vere på plass når ein skal innføre spesielle opptakskrav.

Kvifor spesielle opptakskrav?
I dag er karaktergjennomsnittet frå vidaregåande skule den viktigaste delen av opptaksgrunnlaget til høgare utdanning, saman med diverse tilleggspoeng. Sjølv om dette gir ein peikepinn på kor godt rusta søkaren er til å byrje på eit akademisk studium,  gir det ikkje eit godt nok bilete av kor kvalifisert søkaren er for det enkelte studiet.

Å ta opp godt kvalifiserte studentar er ein føresetnad for å kunne utdanne framifrå kandidatar. Spesielle opptakskrav i form av krav til enkelte fag eller karakter i enkelte fag frå vidaregåande skule kan bidra til å heve nivået på utdanningane, og det kan hjelpe til å rekruttere søkarar som har særlege faglege føresetnader for å gjere det godt på studiet.

Med spesielle opptakskrav vil det få relativt mindre å seie kor godt ein har gjort det i alle fag på skulen og relativt meir å seie kor godt ein har gjort det i fag som er vurdert som særleg relevante for utdanninga ein søker seg til. Dette kan både vere rettferdig og bidra til meir mangfaldige studentkull, ved at det ikkje blir ein så stor ulempe til dømes å ha enkelte karakterar som trekk ned snittet.

Spesielle opptakskrav kan også betre læringsmiljøet ved at studentane er betre førebudde på kva faglege forventingar som møter dei på universitetet, og ved at studentane i større grad har same grunnlag i og forventingar til faget. Slik vil det kunne auke gjennomstrøyminga og skape sterkare faglege fellesskap blant studentane.

Kva for slags opptakskrav?
På bakgrunn av desse argumenta håper vi at UiO vil søke om å vere med i forsøksordningar med spesielle opptakskrav på fleire studieprogram. Vi meiner mellom anna det er særleg interessant å gjere forsøk med

  • krav til karakter i engelsk på studieprogram der ein stor grad av undervisninga og læremidla er på engelsk (som til dømes studieprogram i internasjonale studier)
  • krav til karakter i norsk på studieprogram der det å kunne lese og skrive tekstar på norsk på eit høgt nivå er ein viktig kompetanse (som til dømes studieprogram i rettsvitskap)

Føresetnader
Vi vil peike på at eit opptakssystem med meir utstrekt bruk av spesielle opptakskrav føreset at det finst gode dispensasjonsmoglegheiter for søkarar som ikkje har hatt høve til å ta faga det er stilt krav om, men som har andre relevante kvalifikasjonar.

Vi vil også peike på at det er viktig at forsøk med spesielle opptakskrav blir grundig evaluert, både ved at ein ser på tal for gjennomføring, fråfall og karakterar, og ved at studentane får høve til å gi kvalitative tilbakemeldingar på korleis dei opplever studiet og læringsmiljøet. Merkbare positive resultat må vere avgjerande for at spesielle opptakskrav blir gjort permanent.

Publisert 2. mars 2015 14:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere