Høyring om forslag til revidert kvalitetssystem for utdanning på UiO

Studentparlamentet takkar for høvet til å svare på høyringa om kvalitetssystemet for studium ved UiO. Vi ser det som den viktigaste oppgåva til universitetet å tilby framifrå utdanning, som legg til rette for at studentane utviklar fagleg innsikt, kritisk sans og akademisk danning. Eit velfungerande kvalitetssystem er ein nøkkel for å løyse denne store oppgåva.

Studentmedverknad
Studentmedverknad er etter vårt syn avgjerande for kvalitetsutvikling i studia. Det å reflektere over, ha ei kritisk haldning til og gi tilbakemelding på si eiga utdanning er dessutan i seg sjølv ein del av den akademiske danninga. Difor er vi glade for at studentmedverknad har ein sentral plass både i gjeldande kvalitetssystem og i forslaget til revidert kvalitetssystem.

Studentparlamentet deler kvart år ut ein undervisningspris til framifrå undervisarar og undervisningsopplegg. Sjølv om det ikkje er nemnt i systemskildringa, vil vi framheve at også dette er eit bidrag til kvalitetsutvikling og eit tiltak som fremmer «erfaringsdeling og spredning av god praksis».

Tilsynssensor
Den mest radikale endringa i forslaget til revidert kvalitetssystem er at ordninga med tilsynssensor er lagt ned. Denne endringa er etter vår vurdering svakt motivert, og Studentparlamentet går inn for at ordninga med tilsynssensor blir vidareført.

Ordninga med tilsynssensor har vore UiOs måte å etterleve kravet i UH-lova §3-9 om at «Det skal være ekstern evaluering av vurderingen eller vurderingsordningen». Dette kravet blei tatt inn i lova som ei erstatning for det tidlegare kravet om ekstern sensor ved alle eksamenar etter at Kvalitetsreformen vart vedteken i 2002. Som erstatning for tilsynssensor er det føreslått at vurderingsordningane skal vera eit fast tema i den periodiske evalueringa av studieprogram, som skal skje innan ein seksårsperiode.

Om endringa går gjennom, vil ein altså på relativt kort tid ha gått frå ei ordning der ein ekstern fagperson er med i kvar enkelt vurdering, til ei ordning der eksterne fagpersonar deltar i eit panel som evaluerer vurderingsordningane på heile studieprogrammet som eitt av mange tema inntil kvart sjette år. At det kan gå så lang tid som seks år mellom kvar gong ekstern kompetanse går inn og ser til at studentane på UiO får ei rettferdig, rimeleg og likeverdig vurdering på sine faglege arbeid, er etter Studentparlamentets syn altfor dårleg.

Vi minner i denne samanhengen til Ot.prp. nr. 40 2001-2002, som også er sitert i høyringsbrevet: «En viss bruk av eksterne sensorer, både på lavere og høyere grad, bør imidlertid inngå som en del av institusjonenes kvalitetssikringsarbeid og som en kvalitetskontroll av det enkelte studium. Systemet med ekstern evaluering av vurderingene eller vurderingsordningene skal også ivareta studentenes rettssikkerhet ved å sikre lik og upartisk bedømmelse av studentene.» I lys av dette kan vi ikkje sjå at det å ta opp vurderingsordningane som eit tema i den periodiske programevalueringa er tilstrekkeleg for å etterleve intensjonen i UH-lova.

Vi føreslår difor at ordninga med tilsynssensor blir styrka og revidert, ikkje sløyfa, for å sikre at både vurderingsordningar og vurderingspraksis blir fortløpande evaluert og utvikla. Dette er etter vårt syn viktig for å skape tillit til kvaliteten i studia. Vi meiner også at ekstern sensor bør nyttast i mykje større grad enn i dag, særleg ved større eksamensarbeid, både på bachelor- og masternivå.

Undervegsevaluering av program
Ei anna vesentleg endring i forslaget er at årleg undervegsevaluering av studieprogram blir endra til jamleg evaluering. Fakulteta får fridom til å passe slike evalueringar inn i sine eigne utviklings- og strategiprosessar. Vi kan leve med denne endringa, men er opptatt av at slik evaluering framleis bør skje årleg så sant det ikkje er sterke grunnar som talar imot det på kvart enkelt program.

Studiekvalitetsseminar
Av mindre endringar merkar vi oss at «årlig studiekvalitetsseminar» er føreslått endra til berre «studiekvalitetsseminar» under omtalen av erfaringsdeling som éin av tre hovudkomponentar i kvalitetssystem. Vi vil sterkt understreke verdien av å ha studiekvalitetsseminar jamleg, slik at det inngår i den systematiske kvalitetsutviklinga. Studentane deltar gjerne i planlegginga og utføringa av slike seminar.

Studiekomiteen
I forslaget til ny systemskildring er ikkje Studiekomiteen nemnt. Som eit felles forum for fakulteta, studentane, Fagområdet for universitetspedagogikk og Universitetsbiblioteket er komiteen viktig for erfaringsdeling og spreiing av gode idear og initiativ, og som rådgivande organ for leiinga i studiespørsmål er komiteen etter vårt syn ein viktig del av kvalitetssystemet.

Andre innspel
For å styrke kvalitetssystemet meiner Studentparlamentet at UiO bør vurdere å innføre ein form for kollegavurdering som ein del av den periodiske evalueringa av emne. At andre vitskapleg tilsette enn emneansvarleg er med på evalueringa kan skape grunnlag for fagleg samarbeid om studiekvalitet og bidra til kvalitetsutvikling. Om det ikkje blir gjort til ein fast del av den periodiske emneevalueringa, kan det i alle fall nemnast som ein valfri del av evalueringa, og verktøykassa for studentevaluering kan supplerast med ei verktøykasse for kollegavurdering. I utviklinga av ei slik verktøykasse kan UiO til dømes la seg inspirere av ressursar frå University of Reading og University of Minnesota.

Den tette koplinga mellom undervisning og forsking er karakteristisk for utdanninga på universitetet. Mange studentar etterlyser at aktuell og relevant forsking i større grad blir trekt inn i undervisninga. Vi føreslår at dette blir nemnt eksplisitt som eit tema for den periodiske emne- og programevalueringa.

Til sist vil vi peike på at gjennomgangen av kvalitetssystemet tener som ei påminning om behovet for å utvikle indikatorar som betre reflekterer studiekvalitet, både på UiO og i UH-sektoren for øvrig. Slike indikatorar vil gjere det enklare å påskjønne god kvalitetsutvikling i utdanningsverksemda på heile institusjonen.

Publisert 2. mars 2015 14:43 - Sist endret 2. mars 2015 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere