Høyring om forslag til endringar i lov om studentsamskipnader

Vi viser til høyringsbrev frå Kunnskapsdepartementet datert 12.08.2014. Departementet føreslår å fjerne sjuande ledd i § 6 i lov om studentsamskipnader, som stiller krav om kvalifisert fleirtal i styret ved nokre særleg viktige avgjersler: «Beslutninger om større låneopptak, oppstart av ny virksomhet, utvidelse av eksisterende virksomhet som har et kommersielt formål, eller større endringer i studentsamskipnadens interne organisering, krever tilslutning fra to tredeler av styrets medlemmer.»

Studentparlamentet ved UiO støttar forslaget om å fjerne dette kravet, og deler grunngivinga som kjem fram i høyringsnotatet frå departementet.

Studentane har etter andre ledd i § 6 rett til å ha fleirtal i samskipnadsstyret dersom dei ønskjer det. Kravet om kvalifisert fleirtal i sjuande ledd gjer derimot at studentane likevel ikkje er sikra bestemmande fleirtal i alle saker i styret, då studentane ikkje har krav på – og normalt ikkje ønskjer – å ha 2/3 eller fleire av røystene i styret. Etter vår vurdering er difor kravet om kvalifisert fleirtal i strid med prinsippet om brukarstyring i studentsamskipnadene. Dette prinsippet er grunnlaget for studentane sitt eigarskap til eige studentvelferdstilbod, og sikrar at verksemda til samskipnaden kan vere skreddarsydd for studentane sine behov og ønskje.

Å fjerne kravet om kvalifisert fleirtal er å styrke prinsippet om brukarstyring av studentvelferda. Difor er vi glade for at departementet føreslår å oppheve sjuande ledd i § 6, og heller vil prioritere andre tiltak for å sikre kompetanse og god styring i samskipnadene, i tråd med røystegivinga til regjeringspartia og samarbeidspartia i Stortinget i 2012 (jf. Innst. 319 L (2011-2012)).

Publisert 2. mars 2015 17:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere