Høyring om endringar i universitets- og høgskolelova

Kunnskapsdepartementet har foreslått en rekke endringer i universitets- og høyskoleloven. Studentparlamentet sendte inn sitt høringssvar til UiO 11. oktober. Høringssvaret blir vedlagt UiOs høringssvar som sendes inn innen 1. november. 

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo takkar for høvet til å kome med innspel til denne høyringa om endringar i universitets- og høyskolelova. Universitets- og høyskolelova er viktig for studentane, i at den regulerer dei formelle rammene kring studia våre. Høyringa omfattar ei lang rekke forslag, som til dels er veldig ulike av karakter, og vi kjem difor til å svare på høyringa tematisk, med referanse til dei opphavelege forslaga slik dei var nummererte i høyringa frå departementet. Dei forslaga som ikkje er nemnt har vi ingen kommentarar til.


Kommentarer til forslaga

NOKUTs styre (forslag 2)

Studentparlamentet har ingen innvendingar til at NOKUTs styre skal oppnemnast av departementet. Vi merker oss likevel at NOKUTs styre ikkje er omfatta av bestemmelsen i §4-4 om studentrepresentasjon, ettersom denne spesifikt gjelder kollegiale organ. Ettersom NOKUTs styre i høgste grad er eit organ som tek beslutningar som påverker studentane, ber vi om at bestemmelsen vert endra slik at studentane vert sikra minst 20 prosent representasjon også i NOKUTs styre. Vi ynskjer dimed at §2-2 andre ledd, andre setning vert endra til ”Studentene skal ha minst 20 prosent av medlemene i styret”.

Forslag som omhandlar klagerett og klagebehandling (forslag 3, 6, 12, 13, 14)

Generelt er SP positive til at institusjonane no vert pålagde å opprette klagenemnder. Vi ser likevel at endringane som vert føreslått kan føre til at klagenemndene får svært mykje å gjere. Vi er også uroa for at klagenemndene på institusjonane er så lukka at det hindrar likebehandling. Lukka klagenemnder gjer det vanskeleg å samanlikne saker på tvers av klagenemndene og gjer det vanskeleg for studentar å vite kva saker dei kan vente seg mehold i. Studentparlamentet ynskjer seg difor meir openheit kring klagenemndene. Dette kan t.d. skje ved at både institusjonenes klagenemnd og felles klagenemnd vert pålagde å rapportere årleg om prinsippielle avgjerder som vert tekne. Dette vil også gjere det mogleg for studentane å registrere det dersom nemnda endrar standpunkt i ei sak.

Spesifikt ynskjer vi å kommentere forslag 3 og forslag 14 nærare. Studentparlamentet er skeptiske til at faglege avgjerdsler ikkje lenger skal kunne påklagast. Per i dag overprøver ikkje klagenemnda faglege avgjerdsler, men har ein kontrollfunksjon, noko som taler for å beholde paragrafen som den er. Dersom adgangen til å klage fell bort, vil ikkje klagenemnda lenger ta stilling til desse klagene, og nemnda mister ein viktig kontrollfunksjon. I forslag 14 vert det presentert to modeller for klage over formelle feil. Departementet har landa på at alternativ 1), der både første – og annen gangs behandling av klagen skjer lokalt på institusjonen. Studentparlamentet ynskjer alternativ 2), der første gangs behandling skjer på institusjonen med annen gangs behandling i felles klagenemnd. Dette vil sikre likebehandling av studentane og det må vege tyngre enn tidsaspektet.

Rett til utsatt eksamen (forslag 5)

Studentparlamentet er glade for at departementet har sett på rettane til studentar med barn og foreslår å regulere retten deira til utsett eksamen. I dag er retten til utsatt eksamen regulert på institusjonane, og nokre gongar lokalt på fakultet. Studentparlamentet meiner at denne praksisen hindrar likebehandling. Trass i at institusjonane i utgangspunktet bør vere mest mogleg autonome, er ikkje retten til utsatt eksamen eit felt der autonomi er viktig. Dei ulike bestemmelsene gjer det dessutan vanskeleg for studentar som byter lærestad eller på andre måter møter fleire ulike bestemmelser. Studentombodet ved UiO har føreslått at følgjande sentrale regel skal gjelde heile UiO:

”Som gyldig fravær regnes sykdom, sykdom hos noen studenten har omsorgsansvar for, dødsfall i nærmeste familie som inntreffer tre uker eller mindre før eksamen, fødsel eller forventet fødsel seks uker eller mindre før eller ettter eksamen, fødsel eller forventet fødsel to uker før eksamen for ektefelle, samboer eller partner, militærtjeneste som ikkje var kjent før trekkfristen, eller anre forhold utenfor studentens kontroll.

For studenter som er kulturutøvere på høyt internasjonalt nivå, regnes også deltakelse på stort internasjonalt arrangement som gyldig fravær.

Som gyldig fravær regnes ikke sykdom eller sykdom hos noen studenten har omsorg for i forberedelsen til eksamen, trafikkforsinkelse med mindre enn en time, villfarelse med hensyn til tid og sted for eksamen, søvnløshet, nervøsitet, utenlandsopphold, kollisjon med andre eksamensdager eller lignende.

Legeerklæring og annen dokumentasjon skal være poststemplet eller leveres senest en uke etter eksamen eller siste eksamensdag med forfall. ”

Studentparlamentet ber departementet om å gjere denne bestemmelsen allmenn, anten ved å inkludere den i lova eller i ei tilhøyrande forskrift.

Studentparlamentet ber også departementet om å sjå på høve til å lovregulere kontinuasjonseksamen for emner på lavere grads nivå.

Forslag som omhandlar fusk og relaterte forhold (forslag 7, 8, 9,10)

Studentparlamentet har ingenting å kommentere til forslaga om fusk, men vi ber departementet endre lova slik at advokatsalær vert dekka ikkje berre i tingretten, men også i lagmannsretten og i høgsterett. Vi meiner at så lenge studentane har rett til å få prøvd saka si i rettssystemet, må denne retten gjelde på alle nivå.

Tvungen avslutning av doktorgrad (forslag 11)

Studentparlamentet er glade for at departementet tek tak i denne saka etter anmodning frå sivilombudsmannen, men meiner at forslaget frå departementet er for strengt. Vi vil her støtte oss på Student- og forskarombodet ved UiO, som foreslår ei gradert ordning der straffereaksjonen er avhengig av kor langt i doktorgradsløpet stipendiaten er komen. Fusk på ein eksamen tidleg i løpet bør straffast mildare enn forskningsfusk i avhandlinga.

Gjennomføring av klagesensur (forslag 15)

Studentparlamentet er veldig glade for at departementet går inn for ei ordning for klagesensur, og at denne er i tråd med ynskja til studentane. Det er viktig at alle studentar møter same ordning av omsyn til likebehandling. Vi meiner at såkalla ”blind sensur” sikrar rettferdig klagebehandling samstundes som det hindrar at den nye sensoren må ta stilling til kor vidt grunngjevinga frå studenten eller første sensor skal tilleggjast vekt. I samband med klagesensur ynskjer studentparlamentet å understreke at omsynet til studentenes anonymitet burde vege tungt. Studentparlamentet ved UiO ynskjer at dette skal vere lovfesta.

I dag opnar lova ( §5-3 andre ledd) for at grunngjeving på eksamen kan vere både skriftleg og munnleg, og at grunngjeving er noko som studenten sjølv må be om. Studentparlamentet ser på grunngjeving som ein så viktig del av læringsprosessen at den burde vere automatisk. Dagens praksis med opning for både skriftleg og munnleg grunngjeving medfører dessutan av lærestadene ikkje sjølv kan bestemme at berre skriftleg grunngjeving skal nyttast. Dette er til hinder for studentar som ynskjer grunngjeving, men som ikkje har anledning til å møte opp for å få ei munnleg grunngjeving. Studentparlamentet ynskjer at automatisk, skriftleg grunngjeving skal lovfestast. Sekundært ynskjer vi at siste setning i §5-3 andre ledd ”Begrunnelse gir muntlig eller skriftlig etter sensors valg.” vert stroke, slik at institusjonane sjølv kan fastsetje korleis dei ynskjer at studentane skal få grunngjeving.

Innstegsstillinger (forslag 16)

Studentparlamentet er glade for signala frå departementet om å innføre ei prøveordning med innstegsstillingar, og håper dette kan vere med på å redusere den uynskte midlertidigheita. I forskningsmeldinga er ei innstegsstilling skildra som

” Innstegsstilling er et midlertidig tilsettingsforhold med en konkret og forutsigbar mulighet for tilsetting i fast stilling, så fremt den tilsatte har oppnådd en på forhånd definert kompetanse og resultater.”

Etter denne defininsjonen meiner Studentparlamentet at alternativ 1) som departementet skisserer opp i forslaget er det som er mest i tråd med intensjonen. Dette er også det alternativet som vil gjere at ei innstegsstilling vert reelt forskjellig frå midlertidige forskerstillinger i andre aspekt enn berre varigheit.

Bruk av institusjonstittel (forslag 18)

Studentparlamentet er glade for at departementet ynskjer å regulere bruken av institusjonstitlar og stør heilhjarta denne endringa.

Avsetting av enkeltstyremedlem (forslag 21)
Studentparlamentet er skeptiske til at departementet skal få adgang til å avsetje enkeltstyremedlemer. Til tross for at vi forstår departementets intensjon, vil denne endringa truge autonomien til institusjonane. Institusjonsstyrene kan til ein viss grad samanliknast med aksjeselskapsstyrer. I slike styrer kan styremedlemene kallast tilbake av dei som har vald dei. Unntaket er for tilsattrepresentantane, som er uavsettelege (Lov om aksjeselskaper, §6-7 ledd 2). Det er ingen grunn til at styrerepresentantene i institusjonsstyrene skal ha svakare vern enn representantane i eit aksjeselskap. Ifølgje same logikken burde departementet då ha høve til å avsetje styremedlemene dei sjølv har vald, nemleg dei eksterne styremedlene.

Andre kommentarer

Studentparlamentet ynskjer at departementet ser på høvet til å utvide §4-3 som omhandlar læringsmiljø til eit eige kapittel. Studentparlamentet ynskjer at det skal stillest krav til det psykososiale læringsmiljøet så vel som det fysiske, slik det er gjort i Arbeidsmiljølova §4-3. Studentar er ei gruppe som har høgare frekvens av psykiske plager enn befolkninga elles, og vi meiner at både mottak av studentar gjennom ordningar som t.d. fadderordninga og fagleg-sosial oppfølging av studentane undervegs i studiet her bør lovfestast.

I tillegg meiner vi at varsling og vern mot gjengjeldelse ved varsling bør lovregulerast, slik det er gjort i Arbeidsmiljølova §§ 2-4-2-5. Dette er særleg viktig med tanke på masterstudentar som deltek i større forskningsprosjekt. I såfall kan varsling om kritikkverdige forhold få alvorlege konsekvensar for oppgåva. Vi meiner difor at det er heilt avgjerande at studentar vert får vern mot gjengjeldelse ved varsling lovfesta. UiO har her sikra studentane høve til å varsle anonymt ved hjelp av Si frå-systemet. Vi er svært glade for at dette systemet er på plass, men meiner at ordninga bør kome alle lærestader til gode. Arbeidsmiljølova § 3-6 plikter arbeidsgjevarar til å leggje til rette for varsling. Vi meiner at ein slik bestemmelse er på sin plass på institusjonane også.

I tillegg til det som i dag er omfatta av lova, ynskjer vi også at det skal vere lovfesta å ha eit studentombud ved alle lærestader.Studentparlamentet meiner at det er behov for ein uavhengig bistandsperson som kan rettleie studentane. Vi ser at nokre institusjonar vil vere for små til at det er føremålsteneleg å ha eigne studentombod, men føreslår i dei tilfella at fylka får ansvar for studentombuda, slik dei har for skuleelevar. Vi føreslår at dette blir lovfesta i ein ny paragraf i kapittel 4.
Vi er glade for at UiO ber om innspel tidleg i prosessen og for at de tek oss med på råd. Vi vil oppfordre UiO til å implementere innspela som ikkje vert teke til følgje av departementet i UiOs eigne reglement og forskrifter.


Med vennlig hilsen
Studentparlamentet ved UiO

Av Eva Holthe Enoksen
Publisert 29. okt. 2013 13:04 - Sist endret 14. nov. 2013 13:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere