Høringssvar om Reglement for Velferdstingets tildeling av semesteravgiftsmidler til Studentdemokratier i Oslo og Akershus

Studentparlamentet ettergodkjente 21. november 2013 høringssvar om Reglement for Velferdstingets tildeling av semesteravgiftsmidler til Studentdemokratier i Oslo og Akershus.

Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (UiO) takkar for høvet til å svare på høyringa. Vi vil først berømme Velferdstinget i Oslo og Akershus (VT) for grundig arbeid med ei viktig sak.

 

Studentparlamentet ved UiO støtter krava som VT har lagt opp til. Vi vil likevel kommentere kravet om grad av behov. Studentparlamentet ser grad av behov som eit vanskeleg kriterium å vurdere. I tildelingskriteriene står det spesifisert at grad av behov særleg skal vurderast ved å sjå på a) Storleik på eigenkapital b)høve til å søke stønad frå andre og c) realismen i budsjettet. Vi vil derfor be VT om å vurdere å leggje kravet til realisme i budsjettet inn under punkt 2. Truverd for å i større grad skilje behov frå evne til budsjettering og økonomistyring. Vi vil også foreslå at behov kan knytte budsjett opp mot planlagt aktivitet i styringsdokumenter.

 

Eitt av framlegga til tildelingskriterier er Studentpolitisk aktivitet. Punktet slår fast at utelukkende sosiale og kulturelle tiltak skal støttast av kulturstyret, og at drift skal støttast av institusjonen. Imidlertid har VT lagt inn forbehold om at alle desse krava kan fravikast. Studentparlamentet ved UiO ser derfor studentpolitisk aktivitet som eit vanskeleg krav. I utgangspunktet meiner Studentparlamentet ved UiO at når VT no set opp kriterier, så må det vere for å unngå at historiske data skal medføre skilnader mellom dei ulike studentdemokratiene. I så måte forsvinner poenget litt når kriteriene inneheld for mange forbehold. Studentparlamentet ved UiO er det største studentdemokratiet i Noreg, og vil naturleg nok ha andre behov enn dei mindre skulene i SiO. Studentparlamentet trur ikkje at nokon tener på ein snever definisjon av aktivitet. Vi vil derfor føreslå endringa under

 

2. Studentpolitisk aktivitet

Velferdstinget skal innvilge støtte til studentpolitisk aktivitet. I utgangspunktet skal utelukkende sosiale og kulturelle tiltak skal støttes av kulturstyret og drift skal støttes av institusjonene. Kravet om studentpolitisk aktivitet skal likevel tolkes bredt for at kravet  ikke være til hinder for at institusjonenes særegenhet bevares.

 

Studentparlamentet ved UiO meiner forutsigbarhet, studenttal og miminumsstøtte alle er gode kriterier for tildeling av støtte. Studenttal og minimumsstøtte vil likevel ofte kome i konflikt, og vi vil derfor foreslå at minimumsstøtte vert rangert over dei andre kriteriene. På same måte vil vi tilrå VT å fastslå kva tal som skal nyttast i utrekningsgrunnlaget for å unngå forvirring.

 

VT har også tatt opp spørsmålet om korleis støtta til Norsk Studentorganisasjon(NSO) skal organiserast. Studentparlamentet ved UiO støtter opp om ei ordning der medlemspengane til NSO i større grad vert synleggjort enn i dag. Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) betaler betydelege summar til NSO i form av kontingent, og vi meiner det er rett at denne utloga skal synleggjerast i budsjettet. Vi vil også støtte ei ordning der det vert tydelegare at det er studentdemokratia som gjennom SiO er medlemer av NSO, og ikkje SiO som er medlem av NSO. Vi legger til grunn at dette ikkje vil føre til meir byråkrati for dei lokale studentdemokratia.

 

Nokre av studentdemokratia i SiO er ikkje medlemer av NSO. Studentparlamentet ved UiO meiner at organisasjonar som har vald å stå utanfor fellesskapet ikkje skal kompenserast for dette, då det vil undergrave fellesskapsløysinga som alle er tent med. Subsidiering av kontigenten til NSO bør vere eit gode som medlemsinstitusjonane i VT kan nytte seg av fordi VT meiner det er viktig for studentvelferden å ha ein nasjonal studentorganisasjon. Dimed er kontigenten ein politisk prioritering av semesteravgiftskroner, og det er ikkje naturleg å subsidiere dei som vel å stå utanfor fellesskapet.

 

 

Med vennlig hilsen

 

Studentparlamentet ved UiO

Ved arbeidsutvalget

 

Publisert 10. des. 2013 14:00 - Sist endret 12. des. 2013 10:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere